donderdag 26 december 2013

21 december 2013, eindelijk het interview in de krant!

Al even geleden zijn we geinterviewd door een dame van de plaatselijke krant. Het staat vandaag in de kerstspecial en ze verzekert ons, dat wordt gelezen! 
Dus voor wie zijn noors wil ophalen, de tekst staat onder de foto's! God Jul!




Frå Nederland til Lauvstad
Søkjer stillheit, fjell og sjø

- Vi har alltid hatt ein idé om å bu utanfor Nederland, og vi liker så godt naturen her, seier Venise Vintges og Femke Lalleman.

Dei to blide damene fortel at då dei møtte kvarandre, var dei i same fase i livet. Dei ville stoppe, berre drøyme og få draumane til å skje i røynda.

Venise og Femke har berre budd

på garden i kring tre veker då Møre var på besøk. Dei har likevel fått tømt dei fleste flyttekassene og er komne godt i orden.

Vi blir ynskt velkomen med kaffi og varme bakverk frå Neder- land.

- Før vi flytta til Noreg, spurde Femke meg om vi skulle kjøpe hus saman. Det gjorde vi, vølte det og selde det. Dette gjorde vi to gongar og fekk finansielt hand- lingsrom, fortel Venise. Dei for- talde vener at no skal dei til Noreg for sjå om dei kan bu der. Første

ferieturen la dei til Sør Noreg og likte seg godt, men fann ut at dei ikkje ynskte å busetje seg der. Dei var samde om at dei ville ha fjell og sjø.

Ferie først

Dei brukte tid på å finne garden på Lauvstad og frustrasjonen var stor då det var mange tome gardsbruk å sjå, men få som var lagt ut for sal. I Sandane var det ein gard dei hadde lyst å kjøpe, men det let seg ikkje ordne. Dette brukte dei nes- ten eitt år på før dei innsåg at dei

måtte finne ein annan gard. Då budde dei på Sandane camping og jobba begge to på Gloppen Hotell.

Tilbake til naturen

Dei har ein draum om å skape ein stad der turistar kan slappe av i kontakt med naturen, gå på ski og fiske. Folk er blitt avhengige at telefon og data og Venise og Femke trur at stadig fleire søkjer kontakt med naturen.

- Vi får så mykje innputt og no vil folk ha mindre. Vi har fått spørsmål om kvifor vi vil vere her som det ikkje er noko, men det er det vi vil ha. Vi vil høyre oss sjølve, smiler Venise og legg til at det er naturen dei søkjer. Og still- heita. Det var området ned mot sjøen og båtplassen som gjorde at dei endeleg bestemte seg for å kjøpe garden på Lauvstad.

Gjer det du likar

Det er 17 millionar menneske i Nederland, det er trafikk over alt og Femke og Venise fortel at der er aldri stille. Dei er sjølve høg- sensitive og søkjer stillheita.

- Eg har jobba hardt, tente masse pengar, men vart ikkje luk- keleg, seier Femke.

- Du blir lukkeleg av å gjere det du likar, understrekar Venise. Ho ynskjer at dei skal få skape ein stad der folk kan leve naturleg og komfortabelt. Dei meiner det er viktig at folk har det gøy samstun- des som dei kan nyte naturen.

Turistverksemd

- Det treng ikkje vere luksus, men kanskje vi kan tilby ferieveker der

folk kan drive med yoga og gå på turar her i nærmiljøet eller padle kajakk. Eller kanskje skriv bok på ei veke, seier Venise. Garden dei har kjøpt på Lauvstad har to hus og ei stor løde der dei kan ha akti- vitetar i. Dei vil også setje opp eit utandørs ”Hot tub” med namnet ”Heitur Pottur” som folk kan prøve. Desse har vedfyring og Venise og Femke har desse utan- dørs badekara for sal. Planen er å skaffe seg villsau etter kvart, ikkje så veldig mange, kanskje kring 10 til 15. Dei kreative damene boblar over av idear, men understrekar at dei òg treng vanleg arbeid. Venise ynskjer å jobbe i sportsbutikk og Femke skulle gjerne ha jobba med born.

Ikkje mørkeredd

Dei fortel at nederlendarar seier det er så mørkt i Noreg, og dei fann ut at dei ville teste om dei var ”mørkeredde”.

- Vi reiste på ferie i januar til Utvik og var der i to veker - og vi likte framleis Noreg, smiler Venise som trur at nederlendarar er redd for mørkret fordi dei ikkje veit kva det er.

- Vi likar den norske vinteren. Snøen er så flott og her kan vi berre ta på oss skia og gå, vi slepp å køyre i timevis. No skal vi tenne masse lys og feire jul, seier Femke og Venise. Dei fortel at det er ein tradisjon i Nederland på nyttårsaf- tan å helse på naboane og ynskje kvarandre godt nytt år og dei er spente på om vi har denne tradi- sjonen i Noreg også.

HEIDI SPORSTØL

page16image25904 page16image26124

* Det er to hus på garden og Femke (til venstre) og Venise bur i nyaste hus.


Geen opmerkingen:

Een reactie posten